Search This Blog

Tuesday 17 June 2008

Markjordbær og poesi

For å starte med dagens høgdepunkt: Markjordbær - modne og ventande på meg - ein frosen nordlending som knappast har sett ei markjordbær i levande live før. Stort! Og eplekart og moreller eller kirsebær som nesten er modne. I dag har vi hatt den store Olav H. Hauge-dagen. Arne Skjerven tok oss med til Hauges bostad og las dikt på vegen, blant anna om ein olm ver, og det rekna ikkje og det vaks bær i grøfta og eg blei reint melankolsk og i nynorsk-modus, som endar i eit slags blandingsmål, og det beklager eg til alle puristar, men tanken bak er god. På tunet ble vi møtt av Hauges grand-nevø(? - nokon som fekk med seg namet?) som med vakker og roleg røyst fortalde om livet på Rossvoll og Hauge-tunet. (Mykje grums mellom familien og bygda, apparently, men det orkar eg ikkje å bry meg om.) Ei god avslutning på ein lang dag. Middagen hopper vi glatt over. Det var hotellets buffet og ikkje anna enn middelmådig. Og akkurat det same som i går. Og akkompagnert av eit menneskje som spilte piano. Fysj og fysj!!!


Av dagens faglege høgdepunkt vil eg trekkje fram presentasjonen til Olga Dysthe. Ho starta litt ullent med å fortelle om fagleg rettleiing og eg tenkte med ein gong at dette vedkjem ikkje meg. Men sanneleg vakna eg ikkje ganske kjapt, for ho hadde mykje fornuftig å seie, og eg noterte meg mange gode tankar, særleg om kordan biblioteket kan komme i nærare dialog med fagmiljøa, noko som vi strevar litt med og snakkear mykje om, men ikkje gjør så mykje med. Ho snakka til dømes om kordan fagreferentane kunne arbeide saman med rettleiarane om å tilføre studenten det som kallast "generelle kompetanser" (generic competences). Kunne vi ikkje be om eit møte med rettleiarane på eit fakultet og presentere kva UB kan bidra med. Eller sende eit brev eller ein e-post (meir sannsynleg...). Eg blei litt inspirert!

Har ikkje orka å byte hotellrom. Eg overlever nok. Men fortsatt ikkje noko festligheter på kvelden og ingen ville danse! (Noko som gjer meg tid til å skrive dette!)

No comments: