Search This Blog

Monday 27 December 2021

Musikkåret 2021

Så er vi nok ein gong klar for å ta fatt på den musikalske sjølvmeldinga for året som har gått. Inga enkel sak, kan eg fortelje dykk. Det har tatt meg uhorveleg mange timar med lytting til både god og middelmåtig musikk. Mest god, sjølvsagt. Som vanleg rekk ein berre over eit lite mindretal av alt det fabelaktige som lages rundt omkring i verda. Sånn er det jo med så mangt. Eg tenkjer det same om alle bøkene eg aldri får lese. 

Sidan eg er veldig glad i lister av alle slag, les eg med entusiasme andre musikalske kåringar. Og som vanleg blir eg noko forundra over at "mine" album så sjeldan er å finne på andre sine lister. Kva er galt med folk??? Anyway, eg reknar med at alle andre listeglade har same problem som eg - nemleg at ein ikkje har tid til å få med seg alt:)

Eg klarte ikkje å avgrense meg til 10, så i år blir det ei Topp 20-liste. Som seg hør og bør startar eg nedst.

20. Scott Matthews: New skin

Matthews debuterte i 2006 med den ytst nydelege songen "Elusive". Sidan den gong har han gitt ut fleire album, men ingen har nådd opp til debuten. Det gjer heller ikkje New skin, men det er noko med stemmen og stemninga i musikken som eg tiltrekkast av. Han får derfor være med på lista.

Beste spor:
Wait in the car
My selfless moon
Intruders on earth

19. Billie Eilish: Happier than ever

Denne kunne kanskje enda høgare opp om eg hadde høyrt litt meir på den. Eller motsett. Liker stilen og liker at ho gjer suksess, sjølv om ho er alt anna enn mainstream. Dei fleste songane ligg eit godt stykke frå superhiten "Bad guy", men er likevel ei naturleg utvikling frå debuten i 2019.

Beste spor:
Oxytocin
NDA
I didn't change my number

18. James Yorkston: The wide, wide river

Den skotske folkemusikaren Yorkston har på denne utgjevinga med seg det svenske Second Hand Orchestra. Musikken hans har ein distinkt stil. Samtidig høyrest han kliss lik King Creosote! Og hey - sanneleg høyrer dei ikkje til i same gjeng:) 

Beste spor:
Struggle
There is no upside
Choices, like wide rivers

17. Lean Logic: The last mirage

Dreampop med klare røter i 80-talsmusikk. Dessverre har eg høyrt litt for lite på dette albumet, noko som sjølvsagt kan slå begge veier. Glad-melankolsk elektronika.

Beste spor:
Dissonant beings
Living beings, pt.2
Man made

16. Flunk: History of everything ever

Norsk elektronika av det meir drøymande slaget. Eg liker eigentleg ikkje heilt den dokkeaktige stemmen til vokalisten, men musikken snik seg inn likevel. Dei har tidlegare gjort ein fabelaktig versjon av Blue Monday. På denne plata finn vi eit par coverlåtar, til dømes Howard Jones' "What is love".

Beste spor:
What is love
Fate (or coincidence)
I get you

15. Misty Coast: When I fall from the sky

Eit norsk band med musikk som kanskje kan kallast psykedelisk dreampop. Bergensduoen speler til vanleg i The Megaphonic Thrift, som heller ikkje er så verst. Mykje fint på denne plata.

Beste spor:
Transparent
Do you still remember me
Jet lag

14. Bobbie Gillespie: Utopian ashes

Gillespie frå Primal Scream gav i 2021 ut eit ganske så fint album saman med Jenny Beth. Joda, nokre av balladane held ikkje mål, men stort sett er dette ikkje bortkasta å låne øyret til. Han kan i alle fall snekre gode låtar, godt inspirert av musikkhistoria. Og opningssporet får meg til å tenke på Michael Kiwanuka kvar gong! 

Beste spor:
Stones of silence
Chase it down
Living a lie

13. LUMP: Animal

LUMP er Laura Marling og Mike Lindsay, som saman lager finfin popmusikk for elektronikavenlege øyro. Marling er sjølvsagt ikkje så verst på eigen hand heller, men stemmen hennar kler eit litt anna lydbilde enn den vanlege folkpopen.

Beste spor:
Animal
Paradise
We cannot resist

12. Lowland Hum: So low

Eg måtte diskutere lenge med meg sjølv for å bestemme meg om denne skulle få love til å vere med på lista. Heile plata består av coverversjonar av songane på Peter Gabriels 1986-album So. Lowland Hum har også gjeve ut eit eige album i år, men det har eg ikkje høyrd nok på. Nokre av Peter Gabriels hitlåtar har meir eller mindre blitt spelt i hel på diverse radiostasjonar, så desse versjonane fungerer som eit friskt pust som gir nytt liv til songane. Men Don't give up er det ingen som gjer betre enn Gabriel & Bush.

Beste spor:
Mercy Street
Sledgehammer
Red rain

11. Lana Del Rey: Chemtrails over the country club

Lana Del Rey får litt kritikk for både det eine og det andre i media, men eg synest ho lager fine popsongar. Fin plate til seine vinterkveldar.

Beste spor:
Wild at heart
Dark but just a game
Tulsa Jesus freak

10. Billie Marten: Flora fauna

Marten kjem frå Ripon i Yorkshire, og er derfor sjølvskriven på lista mi. (OK, ikkje berre derfor.) Ho er ein ung artist, berre 22 år, men har likevel rokke å gje ut 3 plater så langt. 

Beste spor:
Kill the clown
Garden of Eden
Heaven

9. Adrian Crowley: The watchful eye of the stars

Irsk singer-songwriter, med vakre og triste songar som alle fortel små historier, passande nok (med etternamnet Crowley) også ein song om ei kråke. (Det går dessverre ikkje så bra med kråka.) Crowley er eit nytt namn for meg, men passar godt inn i rekka av gode irske songarar. 

Beste spor:
Bread and wine
Northbound stowaway
Underwater song

8. Django Django: Glowing in the dark

Over til noko heilt anna, som dei seier på radioen! Django Django beveger seg nokon gonger hårfint mellom irriterande og genialt, men landar på rett side her. Kan nokon gonger minne bittelitt om Talking Heads. 

Beste spor:
Spirals
Waking up
Free from gravity

7. Nation of Language: A way forward

Amerikansk band som har høyrt mykje på britisk 80-talspop (Cure, Joy Divison, Depeche Mode m.v.) og med eit hint av Thomas Dolby. Akkurat så mørk og melankolsk som god syntpop skal vere.

Beste spor:
This fractured mind
Across that fine line
Former self

6. Steven Wilson: The future bites

Veldig mange gonger i år har eg spurt meg sjølv 'Kven er no dette?'. Og ofte var svaret Steven Wilson (Også kjend frå Porcupine Tree.) Her er det litt indie, litt disco og litt av kvart. God miks og mange fengande songar. 

Beste spor:
12 things I forgot
Self
Man of the people

5. Isák: Roasut

Ikkje berre gav dei ein veldig bra konsert på Driv i haust. Den siste plata held absolutt mål og er neste like bra som den forrige. Blandinga av tradisjonell samisk musikk med elektronika og reinhekla pop funger som berre det. 

Beste spor:
I'll do my best
Roasut
Ain du

4. Still Corners: The last exit

Plata kom ut i januar 2021, og er dermed den eg har høyrt mest på i år. Eg er litt usikker på kvar eg skal plassere musikken deira. Dreampop, kanskje. Ser at Wikipedia nemner 'desert noir', og det høyrest jo kult ut. Alminnelig americana er det ikkje. 

Beste spor:
Static
White sands
The last exit

3. James Blake: Friends that break your heart

Vår gode ven, James Blake, gav ut ei mellomsær plate som absolutt fortener ein plass på pallen. Få høyrest like trist ut som han. Og det elskar vi jo, vi som har ein hang til melankolske tonar. 

Beste spor:
Say what you will
Famous last words
Life is not the same

2. London Grammar: Californian soil

Ei aldri så lita overrasking for meg. Eg har høyrt litt på London Grammar dei siste 10 åra eller deromkring, men aldri heilt falt for musikken. Før no. Svulstig (men på ein god måte) pop som passar perfekt for meg.

Beste spor:
Californian soil
Lose your head
Missing

1. Arlo Parks: Collapsed in sunbeams

Kritikarrost debut frå ei ung britisk kvinne som verkeleg kan snekre gode og fengande popsongar. Eg fall pladask i sommar og er enno ikkje lei. Herleg slentrepop og sommarmusikk som kan spelast året rundt!

Beste spor:
Hope
Eugene
Green eyes

Det var alt, folkens! No er det berre å gjere seg klar til 2022 og dei mange godbitane som ventar på oss der.

Vil du høyre sjølv har eg laga eit par lister med dei beste spora:

Marianns Topp 20 2021

Marianns Topp 20 2021 Utvida versjon.

I tillegg har eg jo høyrt på mange fabelaktige songar som berre kom ut som singel, eller som var det einaste gode sporet på ei plate. Her har eg samla nokre av dei: The best of the rest 2021.

Og så var det alle dei andre som ikkje var god nok til å komme på lista, eller som eg har høyrt for lite på: 

A Place to Bury Stranger, Aaron Frazer, Aldous Harding, Angel Olsen, Anna Ternheim, Ary, Astrid Williamson, Aurora, Balthazar, bdrmm, Beau, Ben Watt, Birdy, The Black Keys, Bleach Lab, The Colorist Orchestra, Damien Jurado, Dina Misund, Dry Cleaning, Empress of, Feu! Chatterton, Film School, Goat Girl, Haerts, HTRK, IamamIwhoamI, Ian Sweet, Jack Name, James, Jenny Beth, Joan as Policewoman, Johnny Marr, The Joy Formidable, Lost Horizons, Lowland Hum, Madrugada, Markus Clark, Michael Kiwanuka, MNDR, Nick Cave, Norsk Råkk, Nothing but Thieves, Odd Beholdes, Palace Winter, Paper Dog, The Phoenix Foundation, Pictish Trail, Piroshka, Raleigh Ritchie, Rhye, Sault, The Slow Readers Club, St. Vincent, Sun June, Teleman, Tindersticks, Trentemøller, The Voidz, The Weather Station, Widowspeak, Wu-Lu, Yard Act