Search This Blog

Wednesday 26 November 2008

Haugianer: Bind 5

For tida les eg dagbøkene til Olav H. Hauge. Eg begynte med bind 5 og blei heilt hekta. Bøkene dreg meg inn i sin verden og eg lengter etter å vere der blant alle orda og tankane og visdomen. Eg følte med han då den vesle kattungen hans døydde. Han gråt heile dagen, står der. Eg tenkjer på Hauge, gråtande over kattungen, og gret nesten sjølv. Så begynte eg på bind 1. Eg venta meg ein ung og umoden gut, men i staden skriv han som ein livserfaren, eldre mann. Han må ha vore svært spesiell. 

I kveld har eg vore på Riksteateret si forestilling: "Kom ikkje med heile sanningi". Eg lika ikkje ho syngedama. Det passa ikkje til dikta hans. Orda forsvann i musikken. Og det er jo orda som er Hauge. Forestillinga ville vore mykje betre om det bare var Stein Grønli, og litt pianomusikk i bakgrunnen. No skal eg halde fram med dagboka. Av ein eller annan grunn grip den meg meir enn sjølve dikta. Det er personen Hauge som grip tak i meg, side etter side. Eg let meg gripe.

Om band 1

Om band 2 

Om band 3 

Om band 4

Om band 5