Search This Blog

Monday 27 December 2021

Musikkåret 2021

Så er vi nok ein gong klar for å ta fatt på den musikalske sjølvmeldinga for året som har gått. Inga enkel sak, kan eg fortelje dykk. Det har tatt meg uhorveleg mange timar med lytting til både god og middelmåtig musikk. Mest god, sjølvsagt. Som vanleg rekk ein berre over eit lite mindretal av alt det fabelaktige som lages rundt omkring i verda. Sånn er det jo med så mangt. Eg tenkjer det same om alle bøkene eg aldri får lese. 

Sidan eg er veldig glad i lister av alle slag, les eg med entusiasme andre musikalske kåringar. Og som vanleg blir eg noko forundra over at "mine" album så sjeldan er å finne på andre sine lister. Kva er galt med folk??? Anyway, eg reknar med at alle andre listeglade har same problem som eg - nemleg at ein ikkje har tid til å få med seg alt:)

Eg klarte ikkje å avgrense meg til 10, så i år blir det ei Topp 20-liste. Som seg hør og bør startar eg nedst.

20. Scott Matthews: New skin

Matthews debuterte i 2006 med den ytst nydelege songen "Elusive". Sidan den gong har han gitt ut fleire album, men ingen har nådd opp til debuten. Det gjer heller ikkje New skin, men det er noko med stemmen og stemninga i musikken som eg tiltrekkast av. Han får derfor være med på lista.

Beste spor:
Wait in the car
My selfless moon
Intruders on earth

19. Billie Eilish: Happier than ever

Denne kunne kanskje enda høgare opp om eg hadde høyrt litt meir på den. Eller motsett. Liker stilen og liker at ho gjer suksess, sjølv om ho er alt anna enn mainstream. Dei fleste songane ligg eit godt stykke frå superhiten "Bad guy", men er likevel ei naturleg utvikling frå debuten i 2019.

Beste spor:
Oxytocin
NDA
I didn't change my number

18. James Yorkston: The wide, wide river

Den skotske folkemusikaren Yorkston har på denne utgjevinga med seg det svenske Second Hand Orchestra. Musikken hans har ein distinkt stil. Samtidig høyrest han kliss lik King Creosote! Og hey - sanneleg høyrer dei ikkje til i same gjeng:) 

Beste spor:
Struggle
There is no upside
Choices, like wide rivers

17. Lean Logic: The last mirage

Dreampop med klare røter i 80-talsmusikk. Dessverre har eg høyrt litt for lite på dette albumet, noko som sjølvsagt kan slå begge veier. Glad-melankolsk elektronika.

Beste spor:
Dissonant beings
Living beings, pt.2
Man made

16. Flunk: History of everything ever

Norsk elektronika av det meir drøymande slaget. Eg liker eigentleg ikkje heilt den dokkeaktige stemmen til vokalisten, men musikken snik seg inn likevel. Dei har tidlegare gjort ein fabelaktig versjon av Blue Monday. På denne plata finn vi eit par coverlåtar, til dømes Howard Jones' "What is love".

Beste spor:
What is love
Fate (or coincidence)
I get you

15. Misty Coast: When I fall from the sky

Eit norsk band med musikk som kanskje kan kallast psykedelisk dreampop. Bergensduoen speler til vanleg i The Megaphonic Thrift, som heller ikkje er så verst. Mykje fint på denne plata.

Beste spor:
Transparent
Do you still remember me
Jet lag

14. Bobbie Gillespie: Utopian ashes

Gillespie frå Primal Scream gav i 2021 ut eit ganske så fint album saman med Jenny Beth. Joda, nokre av balladane held ikkje mål, men stort sett er dette ikkje bortkasta å låne øyret til. Han kan i alle fall snekre gode låtar, godt inspirert av musikkhistoria. Og opningssporet får meg til å tenke på Michael Kiwanuka kvar gong! 

Beste spor:
Stones of silence
Chase it down
Living a lie

13. LUMP: Animal

LUMP er Laura Marling og Mike Lindsay, som saman lager finfin popmusikk for elektronikavenlege øyro. Marling er sjølvsagt ikkje så verst på eigen hand heller, men stemmen hennar kler eit litt anna lydbilde enn den vanlege folkpopen.

Beste spor:
Animal
Paradise
We cannot resist

12. Lowland Hum: So low

Eg måtte diskutere lenge med meg sjølv for å bestemme meg om denne skulle få love til å vere med på lista. Heile plata består av coverversjonar av songane på Peter Gabriels 1986-album So. Lowland Hum har også gjeve ut eit eige album i år, men det har eg ikkje høyrd nok på. Nokre av Peter Gabriels hitlåtar har meir eller mindre blitt spelt i hel på diverse radiostasjonar, så desse versjonane fungerer som eit friskt pust som gir nytt liv til songane. Men Don't give up er det ingen som gjer betre enn Gabriel & Bush.

Beste spor:
Mercy Street
Sledgehammer
Red rain

11. Lana Del Rey: Chemtrails over the country club

Lana Del Rey får litt kritikk for både det eine og det andre i media, men eg synest ho lager fine popsongar. Fin plate til seine vinterkveldar.

Beste spor:
Wild at heart
Dark but just a game
Tulsa Jesus freak

10. Billie Marten: Flora fauna

Marten kjem frå Ripon i Yorkshire, og er derfor sjølvskriven på lista mi. (OK, ikkje berre derfor.) Ho er ein ung artist, berre 22 år, men har likevel rokke å gje ut 3 plater så langt. 

Beste spor:
Kill the clown
Garden of Eden
Heaven

9. Adrian Crowley: The watchful eye of the stars

Irsk singer-songwriter, med vakre og triste songar som alle fortel små historier, passande nok (med etternamnet Crowley) også ein song om ei kråke. (Det går dessverre ikkje så bra med kråka.) Crowley er eit nytt namn for meg, men passar godt inn i rekka av gode irske songarar. 

Beste spor:
Bread and wine
Northbound stowaway
Underwater song

8. Django Django: Glowing in the dark

Over til noko heilt anna, som dei seier på radioen! Django Django beveger seg nokon gonger hårfint mellom irriterande og genialt, men landar på rett side her. Kan nokon gonger minne bittelitt om Talking Heads. 

Beste spor:
Spirals
Waking up
Free from gravity

7. Nation of Language: A way forward

Amerikansk band som har høyrt mykje på britisk 80-talspop (Cure, Joy Divison, Depeche Mode m.v.) og med eit hint av Thomas Dolby. Akkurat så mørk og melankolsk som god syntpop skal vere.

Beste spor:
This fractured mind
Across that fine line
Former self

6. Steven Wilson: The future bites

Veldig mange gonger i år har eg spurt meg sjølv 'Kven er no dette?'. Og ofte var svaret Steven Wilson (Også kjend frå Porcupine Tree.) Her er det litt indie, litt disco og litt av kvart. God miks og mange fengande songar. 

Beste spor:
12 things I forgot
Self
Man of the people

5. Isák: Roasut

Ikkje berre gav dei ein veldig bra konsert på Driv i haust. Den siste plata held absolutt mål og er neste like bra som den forrige. Blandinga av tradisjonell samisk musikk med elektronika og reinhekla pop funger som berre det. 

Beste spor:
I'll do my best
Roasut
Ain du

4. Still Corners: The last exit

Plata kom ut i januar 2021, og er dermed den eg har høyrt mest på i år. Eg er litt usikker på kvar eg skal plassere musikken deira. Dreampop, kanskje. Ser at Wikipedia nemner 'desert noir', og det høyrest jo kult ut. Alminnelig americana er det ikkje. 

Beste spor:
Static
White sands
The last exit

3. James Blake: Friends that break your heart

Vår gode ven, James Blake, gav ut ei mellomsær plate som absolutt fortener ein plass på pallen. Få høyrest like trist ut som han. Og det elskar vi jo, vi som har ein hang til melankolske tonar. 

Beste spor:
Say what you will
Famous last words
Life is not the same

2. London Grammar: Californian soil

Ei aldri så lita overrasking for meg. Eg har høyrt litt på London Grammar dei siste 10 åra eller deromkring, men aldri heilt falt for musikken. Før no. Svulstig (men på ein god måte) pop som passar perfekt for meg.

Beste spor:
Californian soil
Lose your head
Missing

1. Arlo Parks: Collapsed in sunbeams

Kritikarrost debut frå ei ung britisk kvinne som verkeleg kan snekre gode og fengande popsongar. Eg fall pladask i sommar og er enno ikkje lei. Herleg slentrepop og sommarmusikk som kan spelast året rundt!

Beste spor:
Hope
Eugene
Green eyes

Det var alt, folkens! No er det berre å gjere seg klar til 2022 og dei mange godbitane som ventar på oss der.

Vil du høyre sjølv har eg laga eit par lister med dei beste spora:

Marianns Topp 20 2021

Marianns Topp 20 2021 Utvida versjon.

I tillegg har eg jo høyrt på mange fabelaktige songar som berre kom ut som singel, eller som var det einaste gode sporet på ei plate. Her har eg samla nokre av dei: The best of the rest 2021.

Og så var det alle dei andre som ikkje var god nok til å komme på lista, eller som eg har høyrt for lite på: 

A Place to Bury Stranger, Aaron Frazer, Aldous Harding, Angel Olsen, Anna Ternheim, Ary, Astrid Williamson, Aurora, Balthazar, bdrmm, Beau, Ben Watt, Birdy, The Black Keys, Bleach Lab, The Colorist Orchestra, Damien Jurado, Dina Misund, Dry Cleaning, Empress of, Feu! Chatterton, Film School, Goat Girl, Haerts, HTRK, IamamIwhoamI, Ian Sweet, Jack Name, James, Jenny Beth, Joan as Policewoman, Johnny Marr, The Joy Formidable, Lost Horizons, Lowland Hum, Madrugada, Markus Clark, Michael Kiwanuka, MNDR, Nick Cave, Norsk Råkk, Nothing but Thieves, Odd Beholdes, Palace Winter, Paper Dog, The Phoenix Foundation, Pictish Trail, Piroshka, Raleigh Ritchie, Rhye, Sault, The Slow Readers Club, St. Vincent, Sun June, Teleman, Tindersticks, Trentemøller, The Voidz, The Weather Station, Widowspeak, Wu-Lu, Yard Act


 

 

Tuesday 16 February 2021

Hauges dagbøker igjen: Bind 1

Denne posten er overført fra den nå nedlagte bloggen Fagreferenten forteller. Opprinnelig publiseringsdato: 15.05.2009

Har nå ligget til sengs i 5 dager med kombinert bihule- og ørebetennelse. Ytterst kjedelig. De siste par dagene har jeg imidlertid klart å lese litt i det minste. Da føles ikke dagene fullstendig bortkastet. Jeg har for eksempel fått lest ferdig bind 1 av Olav H. Hauges dagbøker. (Har tidligere lest bind 5.)

Bind 1 strekker seg fra 1924 (da forfatteren var 16 år) til 1959, altså en ganske lang periode. Til forskjell fra bind 5 er det forholdsvis lite fra Hauges personlige liv vi møter her. Bind 1 er først og fremst en slags dannelsesreise. Her er litteraturkritikk og –teori, religion og filosofi i imponerende mengder, refleksjoner over det han leser og det som inspirerer ham. Kun innimellom møter vi Hauges dagligliv, og da gjerne helt kort. Han snakker lite om periodene med psykisk sykdom. Krigsårene er fjernet helt. Enten er de kommet bort, eller kanskje sensurert av ham selv eller familien, eller så skrev han kanskje ingenting disse årene. Man får spekulere som man vil. (I følge Bodil Cappelen skrev han ikke dagbok disse årene.)

Men av og til får vi små glimt inn i livet hans. Om frukttrærne, om bygda, om vær og vind. Alltid velformulert, men ofte med en litt bittersøt tone. 20 september 1930 skriver han følgende:
”Det haustar, Inkje nytt, inkje merkeleg. Det berre haustar. Ein fær krjupa inn i seg sjølv og hyggja seg som best ein kann. Kva elles skulde ein gjera? Kva hev andre menneske å segja for ein? I grunnen svært lite. Når alt kjem til alt er ein einsam. Einsemdi er vårt rike.” (s. 105)
I april 1959 skriver han:
”Ja, det er einsame dagar. Det er sjeldan nokon kjem her. Sigurd Undeland har vore upp her nokre gonger i vinter. Håkon Opedal var innum her, det er visst ikkje fleire. … Og ikkje gjeng eg ut heller. Svært sjeldan…. Men er turane fåe, vert reisene i bøkene både mange og lange.” (s. 768)

Man kan nærmest slå opp på en hvilket som helst side og finne gode sitater. Man merker at han er krassere som ung enn på sine eldre dager. Han har ikke mye til overs for den moderne samfunnsutviklinga, men i litteraturens verden er han mer åpen, og forkaster ikke alle modernister. Jeg synes dette er fascinerende og herlig lesning. Mest av alt er jeg glad i språket hans. Han er en ordkunstner av de sjeldne, selv når han skriver om dagligdagse ting. Jeg gleder meg til å kaste meg over bind 2. 

 

Om band 1

Om band 2 

Om band 3 

Om band 4

Om band 5

 

Hauges dagbøker: Bind 2

Denne posten er overført fra den nå nedlagte bloggen Fagreferenten forteller. Opprinnelig publiseringsdato: 01.01.2010

Over 7 måneder er gått siden jeg la fra meg bind 1 av Olav H. Hauges dagbøker. I løpet av jula gjorde jeg meg ferdig med bind 2. (Det er ikke det at jeg leser ekstremt sakte, men heller at jeg leser mye på en gang...!)
Bind 2 strekker seg fra juli 1959 til juli 1966. 7 år. 800 sider. Jeg skal straks og med en gang - eller så snart som mulig - gå i gang med bind 3. I mellomtiden har jeg plukket ut en håndfull utdrag fra bind 2.

Hauge har passert 50 år, har publisert flere diktsamlinger og bor fortsatt alene i Ulvik i Hardanger. Bind 2 gir oss litt mer av personen Hauge, men fortsatt er det iveren for litteratur og særlig diktningen som dominerer dagbøkene. Han leser enormt mye, og følger nøye med i tidens litteraturkritikk og litteraturdebatter. De gangene vi får glimt av personen Hauge er det ofte det dystre og mørke som skinner gjennom, men innimellom er han rørende lett og poetisk, slik det første utdraget jeg har tatt med viser.

11 mai 1960:
"Det var nake og svart, kissebærtreet i vinter. No legg det kinnet imot kveldsvinden og voggar seg inn, det kan det gjera, det har so kvite, skire blomar. (s. 119)

6 juni 1964:
"Eg gjeng ut i lett muskregn om morgonen. Ein stor snigle med horn set modig yver vegen. Eit uvisst liv, ei uviss ferd no i biltidi. Og eg møter mange, som har forlist på dette havstykket." (s. 513)

Han har hele tiden vist omsorg og omtanke for naturen rundt seg, og blir etterhvert mer og mer bevisst på miljøvern. Her er det sprøyting av frukttrærne som har fått uheldige konsekvenser:

17 mai 1960:
Eg har so ilt av at eg sprøytte trei med gift sist fredag, det var alt sume blomar sprotne. Eg ser nokre humlor tumlar halvdaude inn døri, det er ikkje fint å drepe sine beste vener i frukthagen. ... Sprøyta med gift og lese Emily Dickinson og Dorothy Wordsworth, - so hjartelaus og "perverted" kan ein vera!" (s. 120-1)

Han har nesten konsekvent lav selvtillit på vegne av egen diktning, og takler, i følge ham selv, dårlig å få ros:

13 desember 1960:
"Å nei, nedåt, nedåt! Høyr ikkje på kva dei skriv, lyd ikkje på kva dei segjer. ... Då vert du blind og orsken av stordomstankar og ovmod, so du ser ikkje klårt lenger, medan du sjølv trur at no er du ein pokkers kar."
"Eg er ikkje laga for noko anna enn motegang; då kan eg vera så nokonlunde folk. Kjem det aldri so lite medgang, fyk ovmodet upp med ein gong.
Den som vil vera kar, er sjeldan noko kar. Leid oss ikkje ut i freisting." (s. 205)

13 oktober 1961:
"Boka mi er enno ikkje komi. Og det same kan det vera. For meg er ho daud for lenge sidan. Eg er no heilt klår yver at det er ei skral bok, ingenting å rekna for. Og venteleg vert det til det at eg aldri skriv noko meir. ... Dertil kjem at forlaget skryter so skamsleg; det er merkjeleg at ikkje dei skynar at dei skadar sin mann på den måten." (s.243)

8 desember 1964:
"Alt eg gjer er noko skakt og gale med. Byggjer eg upp med eine handi, riv eg ned med den andre. Slik vart det no òg, det vart so gale med denne boki òg." (s. 564)

I bind 2 får vi også vite mer om sykdommen hans.

27 mai 1961:
"Etter det eg har lese, må det venteleg vera schizofreni eg har. ... den andre mannen i meg ... Det er han som kjem til ords. Det er syrgjeleg han skal vera so vill." (s. 216)

7 juli 1961:
"Att og fram. Trege. Anger. So tosken, so tåpeleg var ein! Ja, å tenkja attende er ikkje råd. Eg vert fælen. Difor er det ikkje råd for meg å skriva noko frå barndomen, endå eg kunne ha hug til det. Eg ser ikkje anna enn foolish acts ..." (s. 226)

20 desember 1961:
"Steady now, stady now! Ikkje missa fotfeste, ikkje dagsansen, realitetssansen, sjølv um ein siglde lukt til himmels." (s. 270)

20 oktober 1862:
"Var ute i kveld òg, og fornærma folk sjølvsagt. Nei, ein lyt tegja still. Eller aldri opna sin munn um anna enn vind og vêr. Då er ein sikker." (s. 361)

14 september 1964:
Om tida han var innlagt til behandling:
"Eg fekk dikta og drøyme, sjå syner, uppleve ekstase dag etter dag, år etter år, utan at nokon gjorde meg noko. Um eg vart sperra inne eller bunden - som eg ofte var - gjorde ingenting. Ekstasen, synene, draumane, røystene, nådde meg like godt der. Eg syntes aldri det var leidt å vera bunden eller innesperra i einesella, og skal aldri klaga yver noko." (s. 539)

Ensomhet, selvmedlidenhet, lav selvfølelse preger ofte det han skriver i dagbøkene. Her er en håndfull eksempler:

16 februar 1965:
"Ikkje mange har levt eit uslare liv enn eg, det ser eg no." (s. 607)

1 mars 1965:
"Ein må sjå kor elendig, ussel, stygg, verdlaus ein er både for seg sjølv og andre." (s. 611)

16 mars 1965:
Alle desse dagar, so grå, so triste. Ikkje har eg tankar heller. Skal du reisa deg att? Eg veit sjølv mi naud, og min brotne vilje. Dei siste åri har eg sokke ned i ei søkkjemyr, og eg har prøvt å kara meg uppatt, men hittil har det ikkje lukkast." (s. 630)

3 juli 1965:
"Ja, segjer eg i kveld, og lyfter hovudet att, kanskje fyrste gong på mange år. Tyngd ned, tyngd ned i dei siste åri, - eg har ikkje hatt von um å reisa meg att. Og siste året i feber og stride tankar - på ei." (s. 655)

12 januar 1966:
"So, ver einsam! Sjå det i auga at du har ingen, du har einsemdi, ikkje noko anna." (s. 746)

Men han lar seg også begeistre. Som oftest er det litteraturen han leser som får fram superlativene. Enten det nå er en lyriker som Ekelund eller historiene til Helge Ingstad. Her er hans kommentar til Jane Austens Emma:

17 august 1963:
"Dersom verdi gjeng deg imot, og det gjer ho ofte, skal ein flykta yver til dette England. Merkjeleg, so stilt og fredeleg, men her hender sumt, likevel. Fortrollande lesnad." (s. 448)

Olav H. Hauge. Dagbok 1924-1994. Oslo: Samlaget, 2000.
Står på Universitetsbiblioteket i Tromsø på 839.6 Hau. 

Om band 1

Om band 2 

Om band 3 

Om band 4

Om band 5

 

Olav H. Hauge: Dagbok, bind 3

Denne posten er overført fra den nå nedlagte bloggen Fagreferenten forteller. Opprinnelig publiseringsdato: 24.11.2010

Advarsel: Dette innlegget er bare for fans av Olav H. Hauge :-)

Ser at det er nesten et år siden jeg leste ferdig bind 2. Det går sannelig sakte her i verden! Men det skyldes ikke at Hauges dagbøker er kjedelig lesning. På ingen måte. Jeg fryder meg når jeg kan krølle meg sammen i sofaen og lese noen sider. At jeg har brukt så lang tid skyldes nok heller mangelen på 'krølle-seg-sammen-i-sofaen-stunder'. Og at en rekke andre bøker også krever oppmerksomhet. Men nå er altså bind 3 ferdiglest, og bind 4 ligger klar i hylla. Jeg tenkte derfor å gjøre som jeg pleier, nemlig å trekke fram noe av det man kan finne i disse dagbøkene. Bind 3 omhandler perioden fra 4. juli 1966 til 11. januar 1972. Hauge er i denne perioden blitt en kjent og kjær poet i Norge, med flere utgivelser bak seg. Han reiser rundt og snakker om diktene sine en rekke steder, treffer likesinnede, strever med selvbildet som før, og får en håndfull damebekjentskaper - Bodil Strømsted, senere Cappelen, dukker opp mot slutten av boka. Første brev fra henne får han 25. februar 1970. Som kjent giftet de seg 5 år senere.

All skrivinga hans er kjennetegnet av dyp innsikt i litteratur, filosofi, språk osv. Tonen er ofte lyrisk. Og humoren er ofte tilstede, for eksempel i hans kommentarer til verden og samfunnet rundt ham: "Delfinen er den klokaste av alle skapnader, segjer dei lærde no. Skal tru det, det kan vera lusi eller loppa eller mauren, for det eg veit, berre ein kom på talefot med dei." (s. 157)

Eller denne kommentaren etter et besøk i Bergen: "Ho baud meg heim til middag, det var eg no så vitug at eg sa nei takk til. Ein skal passa seg for slike yverklassefolk!" (s. 257)

Og om månelandinga:
"I dag kjem månefararane att. Eg voner dei ikkje har gjort noko gale med månen, måla han svart eller noko slikt, - eg har ikkje set han på lenge." (s. 465)

Om dagen derpå:
"Gjekk ut i går kveld. Fekk krutsterk sider. Trong heile vegen heimyver, slang frå greft til greft. Vond hovudverk i dag. Slikt skulde ein aldri gjera." (s. 608)

Her følger noen glimt fra boka, delt inn etter tema:

Hauge: sinn og sykdom
Bind 3 starter med hans bruk av sovemedisin. Litt senere (4/9) skriver han "Sove utan medisin. Kjenner meg klårare og sterkare med ein gong. Har vore veikvilja i sumar, gjeve meg til å ta tablett kvar kveld, i staden for å prøva venja meg av med slikt svineri" (s. 28).

Han har et bevisst forhold til sin mentale tilstand. Noen ganger advarer han seg selv: " Her er fåre på ferde. Eg veit det. Du held på glid ut. Fårleg. Tygg tobakk. Og sluttar å lesa. Då må det gå gale." (s. 137)

Å, det er triste dagar! Ikkje ein tanke, ikkje noko som eldar upp! Berre slabb og stræv. Og no lyt eg ut å pakka plommor på låven. My fate, Where are you? She has left me. For ever. And I am growing old. (s. 178)
"Død. Ja, eg har vore det. Ein gong. Dei vekte meg att med ei sprøyte. Eg var vel 27 år då. So har eg prøvt det òg." (s. 178)

Røyster - eg har høyrt mykje av det slaget! Stundom ei einskild, stundom mange, ofte heile kor samstundes som spør og svarar gjenom rømdene og tidene. Dei same kjem att år etter år, det er no 34 år sidan eg høyrde dei fyrst. Einskilde, serleg ei einskild, ei klår, høg ei, bedande, manande, redd for meg med mykje umsut frå ein annan heim, eg er alltid trygg når eg høyrer henne - røysti er ei mannsrøyst. Men eg høyrer òg andre. Som òg kjem når eg er i naud. (s. 244)

Sliten. Nervøs. Toler ikkje lesa. Neurasteni. Kjenner det i heile kroppen. Dette var noko eg leid fælt av i ungdomen, eg var 22 år då eg fyrst var plåga av det. Med hardt arbeid gjekk det yver. Har site for mykje inne i vinter. (s. 260)

Korleis kan ein dåre, en mann som i ung alder vart slegen av schizofreni, var utan forstand og tenkjeevne i samfulle fire år, og som gong etter gong har hatt tilbakefall til åndsmyrke, kunna drøyma um å få sin fulle styrke, åndeleg og lekamleg, attende, ja endåtil innbilla meg at eg skal vera betre enn um [eg] ikkje hadde vore utsett for desse ulukkone? Det må vera dårskap. Eg har freista dikte, men korleis kan eg, som ikkje har levt noko liv, ikkje har komi menneski nær, kunna segje noko sterkt og fagert um livet? (s. 262)

Eg var i ungdomen ein snorvar, stygg, lat, og ein stor drøymar. ... Det gjekk gale. Laut gå gale. Men Gud skje lov fanst det då hus for slike tussingar. Der kunde du drøyma og dikta so mykje du ville. Og fekk grovbrød med sirup og ein tinnkopp med kaffi. (s. 279)
"Sjukdom, eg har aldri lika det ordet, endå ein [er] nøydd å segja so til ein doktor, elles trur han du er galen. Ein lyt læra å være slu, skal ein få gå laus. Nett det, gå laus, ein lyt vera lur og varsam, dei har visse hus for mistenkjelege folk, eg veit um dei." (s. 298)

Hauge og kvinnene
I 1966 fyller Hauge 58 år. At han er glad i damer kommer helt klart fram i dette bindet. Hans kommentarer om jenter og kvinner han treffer er både rørende og noen ganger litt komiske, synes jeg. På en togreise beskriver han sine medpassasjerer: "Forutan meg var der ei kanadisk gjente (pen)." (s. 49) Og like etter: "Gaute Helland og syster hans (vakker gjente!) og ei gjente frå Vågå var med der." (s. 50). Han trekker videre inn astrologien: "Eg er fødd i "Løvens tegn"? (August) Dei skal vera lett å få ut av fatning i kjærleikssogor. Rett. Stemmer." (s. 70)

"Gjentor" Det er forvitnelege skapningar, synest eg." (s. 284)

Arbeid! Arbeid! Nei, å verta riven med i livet, i turar, i lagsmøte, stemnor, upplesing, nei, det er fårleg for meg. Og so desse kvinnfolki! Ta til å snakka med dei i min alder! Det er no mangt ein kan finna på òg. Mange har gjort seg til narr for eit kvinnfolk. (s. 293)
"Ta til å snakke med gjentone i min alder? Ja, so galen kan ein vera. Men det er folk, det òg, " (s. 297)

Det siste året har eg møtt nokso mange, eg kan ikkje klaga på tilbod. Dei kjem på hotellrommet på det minste vink, slær frampå nokso greidt, snakkar um at dei har teke pillar og so vidare. Vanleg venlegheit og samtale kallar dei romantikk, Ja ja. Men kvinnfolk er ei soge for seg sjølv, og aller mest vert den plåga som ikkje har gjort seg ferdig med dei i ung alder, å gjera det undan, eg meiner med giren og tråi er størst, er heilt naudsynt, skal ein mann få arbeidsro seinare ... (s. 346)
"Pakke frå Bodil Strømsted, ein genser ho har strikka, eit varmt plagg! Dei kvinnfolki!" (s. 637)
Og i september 1971 skriver han følgende om Bodil, som han fire år senere gifter seg med: "Ho er vorti glad i ein mann, segjer ho, ein danske denne gongen. Kan ikkje vera greidt for Finn Strømsted, med ei slik kjering." (s. 719)

"Ikkje for det, hasj fristar vel ikkje ein vestlending - meir gjentor, kanskje." (s. 686)

"Det har vorte mykje brevskriving året som gjekk! Serleg til damor. Dei er det gildast å skriva til òg. Merkeleg med det. Dei er gildast å snakka med òg. At eg ikkje skulde visst det fyrr!" (s. 645)

Lyriske Hauge
Et annet trekk som kjennetegner dagbøkene hans er sammenblandingen av vakre, lyriske beskrivelser og hverdagslige tanker, som her en januardag i 1967:
Stille kvite dagar. Stjernor um natti. Stend som frosne voner. Daudingane ligg stille under sjøen, syner seg ikkje i grendene. Skogar blå av vemod. Fjell med fòk og drivsnjo. Ingen ser det.
Eg er fødd til toskeskap. (s. 73)
Andre ganger er han bare lyrisk: " Ein dag skal eg skrive ei rekkje, eg segjer ei rekkje, dikt um skyene. Dei er mangfaldige. Min barndoms skyer er ikkje lenger. Tyngre vert dei med åri. Skyene òg!" (s. 90)

"Grå haust. Lauvsus ute når eg vaknar. Ei vill lengsle grip meg, som mang ein gong fyrr. Haust. Mi tid. Mi sorg." (s. 174)

"Ein kryp inn i vinteren som ei stor kvit hole, der kan henda mangt." (s. 226)

Eller når han for eksempel beskriver språket til Kristofer Uppdal: "Det språket, rått, sterkt, vått av jord og stein, vove og med sylvstripor og issoleior i millom." (s.213)

"Soli kjem på bordet. Kven kan skriva i sol? Nei, det er mørkets gjerning." (s. 269)

I dag den fyrste snøen. Rart han kom att. Med minne. Slik kjendest det då eg var barn. So nake, so nært innpå, kaldt men fjernt. Alt. Brått forstår ein at ein er byrja leva som ein pakke i dagane og åri, ein pakke med merkelapp på! Til gravi. (s. 498)
"Det er poesi i eit landskap, i ei god laga rive, i ein hage, yver eit hus, i matematikk, i prosa, i vers. Poesi fylgjer visse ting. Finnst ikkje i rein tilstand. Prøv ikkje laga poesi. Lag ting, med poesi!" (s. 537)

Hauges selvfølelse
Som i begge de tidligere bindene strever han med å ha tro på seg selv og sin diktning. Dette er et gjennomgående trekk i dagbøkene hans, til tross for mye ros og mange gode kritikker.
Sendt alle dei bøker eg vil til jol. Angrar på mange. Kvifor skal eg senda bøker til slike høgt skulerte herrar, som berre smiler åt meg, stakkaren? ... At nokon er så dum at han kjøper boki mi, trur eg ikkje. De sel aldri det upplaget (2000) skreiv eg til Dybvad. Aldri i verdi. (s. 218)
"Ja, det kurset i Norheimsund sette meg i dårleg humør. Eg sa so mykje tull der, at eg angra i nestan 14 dagar etterpå." (s.271)

I forbindelse med et festskrift som skal gis ut i forbindelse med 60-årsdagen hans skriver han: "Eg? Kva har eg gjort? Ingen ting. Berre nokre stubbar og rim." (s. 313)

"Ingen post i dag. Nei, kvi skulde nokon skriva til meg? Dei har ingen ting att for det." (s. 435)

"Lat det vera sagt. Ikkje berre tenkt. Lat meg tilstå. Det er elles ingen ting å tilstå, det er openljost for alle: Failure! Mitt liv er det." (s. 457)

"Men det er no smått stell med den boki då, eg kjenner det på meg. Kan godt vere sume kjem til å låta vel, det trur eg nok. Lat deg ikkje yvertyda av det!" (s. 717)

"Mykje skryt yver den nye boki mi. Tomt skryt! Tru ikkje på det!" (s. 732)

"Livet er myrkt, meiningslaust. Likevel lyt ein prøva strida, arbeida, det er einaste verja med har. Trass, vilje, ei knytt hand mot lagnaden! (s. 717)

Andre ganger er det faktisk optimisme å spore:
"Ein skal bera lagnaden. Kor trist og tung og grå han er. Slik heiter det. Du skal ikkje lyda på slikt. Du skal reisa deg, slå han under, stiga yver han og upp, leggja han attumdeg som dei bratte urdane." (s. 259)

Hauge og samfunnet
Hauge har hele tiden vært opptatt av natur og miljø, og også andre samfunnsspørsmål dukker opp i dagbøkene hans.

"Lagnaden til menneskja og jordi. Vår jord. Vår einaste heimstad so langt me veit. Og kvar tenkjande mann burde berre tenkje på ein ting: Få burt krigsfåren og bøta på naudi i verdi." (s. 256)

"I dag melding ei [sic] Dagbladet: USA har ein ny gass på lager, ein nervegass, som kan øyda alt menneskeliv på jordi på 30 timar! Ljose utsikter! Det må ein segja!" (s. 401)

"Me treng ikkje spy ut gift og drepa folk i mengder i trafikken. Det gjeng an å ordna det onnorleis." (s. 489)

Fritt spel for kapital og industri vil øydeleggja verdi, det ser me greidt. Fyrst for fall stend U.S.A. og Vest-Europa. Forgiftning av vatn, luft og hav. Vert det ikkje sette strenge lovar for all produksjon og bruk av motorar, vert verdi øydelagt.
Dette kan berre ordnast globalt. (s. 607)

Han mener ellers at teknikk ikke er bra for skrivekunsten: "Etter skrivemaskinone kom, har skrivekunsten gjenge ned, det er ellers noko som segjer seg sjølv. Meir automatisk, meir teknikk. Å skriva skal vere ein leik med ånd og hand. " (s. 131) Det er nok ikke så mange som fastholder det synet i dag!

"Me er mekanikk. Datamaskinor. Me er menneske! Det er ikkje um å gjera å verte datamaskinor! Dei unge diktar som datamaskinor. Det er ingen ting å trå etter." (s. 453) 

 

Om band 1

Om band 2 

Om band 3 

Om band 4

Om band 5

 

Olav H. Hauge; Dagbok, band 4

Denne posten er overført fra den nå nedlagte bloggen Fagreferenten forteller. Opprinnelig publiseringsdato: 20.06.2011

 

Ein epoke er over. Eg har vore på ei 3726-siders reise gjennom livet til diktaren Olav. H. Hauge. Det har vore ei særs interessant reise. Forvitneleg, for å seie det med eit ord Hauge er glad i. 

Dagbøkene hans strekk seg frå 1924-1994. For meg starta det med eit besøk i Ulvik, der han budde heile livet. Då eg kom heim tok eg tilfeldigvis til å lese band 5 av dagbøkene hans, og dermed blei eg hekta. Rett og slett. Slik eg blei av dikta til Shelley då eg var 20 år. 

I band 4 (1971-1982) skjer det store ting i livet hans. Han er no ein etablert diktar. Og ikkje minst, han finn kjærleiken og giftar seg med Bodil Cappelen. Vi blir tatt med gjennom 70-tallet med astralkropper, ånder, psykotronikk og astrologi. Sjølv var han løve - "ikkje skralt teikn" skriv han. (s. 158) Vi får eit bilete av tida, av rådande litterære strøymingar og ikkje minst Hauge sine tankar og idear om både kvardagen og kunsten, gjerne i ei og same setning. 

 Eg har hatt det strålande i lag med Hauge denne tida. Eg kjem til å sakne han. På tide å finne ein ny diktar i livet mitt, trur eg. 

 Glimt frå band 4:  

Sukk, så poetisk: 

"Dagane er alt på fart gjenom ein naken blåsande vinter - ikkje snjo, det er Vårherre slutta å laga, det er for mykje arbeid å slå yrjande mengder av seks-kanta krystallar." (s.11) 

"Ordi. Fuglar! Men eg vilde alltid ha snor i dei, torde ikkje lata dei fjuka fritt." (s. 37) 

 "Snø, eg ser ut i myrkningi på kvite greiner kryss i kryss, og myrkret attum, djupt, gåtefullt, dunmjukt, ei kvit still verd, so lett, so lett, rom for tankar, draumar å leike seg, som ikorn." (s. 221) 

 "Me ser so mange gåtor, so mange skuggor. Helst når det er myrkt, dei skrimslar fram attum jarnristene i myrkret." (s. 542) 

Om kvinnene: 

"Og desse brevi! Kva skal eg gjera med desse kvinnfolki? Som er so flittige til å skriva. Kan umogleg vera meg dei brur seg um. Eller, fan vite." (s.22) 

"Radt et kjærleiksbrev frå Edel! Eg lyt skriva med det same. Ho er like varm som fyrr. Dei kvinnfolki!" (s. 133) 

"Anders har vore veik; nervone. Men det kan retta seg no han er gift." (s. 660) 

Om å skrive dagbok: 

"Skrive dagbok? So ettertidi kan sjå kor tanketom og fatig ein var?" (s. 97)  

Filosofi og sånn: 

"Korleis lærer du å symja? Ved å lese un symjekunsten eller ved å kava på i vatnet? Eg berre spør." (s. 108) 

 "Dei ropar på nytenkjing. Det er viktigare å vega det som er tenkt, enn å ropa på ny galenskap ..." (s. 439) 

 Bodil: 

"Bodil Cappelen har ringt, vilde koma. Eg var ikkje heime. Veit ikkje um eg skal skriva? Nei, eg skriv ikkje, bed ingen koma. Kjem det folk, tek eg imot dei; eg bed ingen. Det må ho skyna." (s. 118) 

6. juni 1974: "Eg har ikkje set henne fyrr, men ho har skrive til meg i fire år, mange underlege brev. No er ho 44 år. Framleis vakker. Men ho såg ut som um nokon hadde gjort henne vondt. ... Bodil og eg sat i ei krå, dei andre tykte visst det var underleg, for Jarbjørg sa høgt ifrå at eg fekk snakka litt med dei hine som var der." (s. 190) 

27. november 1974: "Bodil skriv at ho skil seg. Ho vil flytta til meg. Ja, dette vart ei uventa vending. Eg undrar meg ikkje på at ho skil seg, når ho lever som ho lever. Men veit ho um eg kan ta henne?" (s. 215) 

Joli 1974: "Eg tenkjer mykje på Bodil, - i glede, men òg med sorg. Ho er mi, segjer ho. Og eg har so lite å bjoda." (s. 227) 

"Bodil, ho er i tankane mine kvar tid no." (s. 228) 

17. februar 1975: "Skrive til Bodil. Vil ho flytta hit, fær ho koma. ... Vert eg for umogleg å vera saman med, fær ho reisa att. Eg set det til henne. Verre enn gale kan det ikkje gå med oss." (s. 249) 

28. april 1975: "Bodil kom for godt i dag." 

 1. februar 1977: "Ikkje ein tanke i dag? Jau, eg tenkjer på Bodil! Gjeng ikkje rett her når ho ikkje er her. No er det tvo år sidan ho flytte hit. På tid å tenkja på å gifta oss." (s. 364) 

27. januar 1978: "Til Voss til sorenskrivaren. Vart vigde av Nygaard kl. 1 i dag. Vitne var Oddmund og Kårhild. Det var ikkje lange pina." (s. 424) 

6. oktober 1980: "Det er ikkje det å vera åleine som gjer meg noko. Men me har grott so i hop på desse 5 åri, 5 1/2 vert det, at me ikkje kan vera frå kvarandre." (s. 593)  

Om si eige dikting: 

"Kvifor som mange har skrive rosande um versi mine, er ei gåte for meg. Sjølv synest eg dei rett nok er gode på ein måte, relativt gode, vel å merka, men eg har tykt dei har so lite å segja andre! Dei er på ein måte gode nok for meg, og dei er òg laga for meg, har ikkje noko anna ærend." (s. 296) 

"Ei setning skal vera eit stup frå eit springbrett. Hovudet fyre. Flott boge. Kald dukk, ikkje mykje sprut! Men du må koma uppatt." (s. 354) 

Om Svolvær, 10. august 1978: 

"Ein del ranabåtar. Elles plast, plast. Halvrotne fiskehjeller minner um fisketidi. No ventar dei på olja. Forfall, forfall, nedgang. Elles forunderlege fjellformasjonar på alle sidor. Turistlivet er mykje godt slutt." (s. 447) 

Folk flest: 

"Kvifor er norske avisor so skrale? Fordi de driv forretning, og må trykkja stoff som folk flest likar. Kvifor er norske bokutsal skrale? Fordi dei vil tena mest mogleg, og det som folk flest vil ha, er skrot." (s. 516)  

Om moderne oppfinningar: 

"Etter kuleblyanten og skrivemaskina kom, kan ingen skriva. Det beste er skrive med fjørpenn." (s. 698)

Om band 1

Om band 2 

Om band 3 

Om band 4

Om band 5

Monday 25 January 2021

TIFF 2021

 Som forventet ble Tromsø Internasjonale Filmfestival en digital hendelse i år. Trist, men nødvendig. Halve poenget med TIFF er jo det sosiale! Det yrende livet i byen og pausene på kafe mellom filmene, der man utveksler erfaringer, opplevelser, eller bare helt enkelt er sammen. I stedet ble det TIFF digital, med visning hjemme i stua. Det ble selvsagt ikke helt det samme, men vissheten om at mange av de man vanligvis ville delt en flaske vin med under TIFF også satt hjemme og så på film skapte jo et slags felleskap.

Til tross for hjemmekino klarte jeg å styre meg og ikke bestille flere billetter enn det jeg klarte å se. Tilsammen 7 stykker i år. En til hver dag er akkurat passe. Og det beste med digital TIFF er jo at man kan se filmene når det passer, og ikke trenger å unngå filmer som er satt opp på dagtid. Det ble dermed plass til følgende filmer:

Cat in the wall (2019): Ikke en kattefilm, om noen trodde det, snarere et slags kort glimt inn i tilværelsen i en sliten boligblokk i London, sett fra ståstedet til en velintegrert innvandrer fra Bulgaria og hennes litt mindre integrerte bror.  Ikke helt den lykkelige slutten jeg skulle ønsket meg, men antakelig nokså realistisk. 


 

Dinner in America (2020): Amerikansk film om amerikanske 'utenfor-tenåringer'. Preget av litt dårlig lyd, og uten teksting ble det vanskelig å få med seg all dialogen. Typisk TIFF, forsåvidt. Men ikke min type film.

Rocks (2019): Britisk tenåringsfilm, om en venneflokk som vokser opp i en mindre sjarmerende del av London. Befriende fri for de vanlige tragiske elementene (vold, rus), men ikke noen Disney-film akkurat.

Half Elf (2020): Liker islandske filmer, og denne skuffet ikke. Hjertevarmt portrett av 100 år gamle Trausti.

Herself (2020): Irsk film om en kvinne som blir mishandlet av sin mann og må starte et nytt liv sammen med sine to små barn. Hovedfokuset er heldigvis ikke på mishandlingen, men noen veldig lystig historie er det ikke, til tross for et varmt portrett av hjelpsomhet og vennskap.

Crock of Gold - A Few Rounds with Shane MacGowan (2020): Dokumentar om den kjente frontfiguren i The pogues. Fin film, noe problemer med å få med meg all dialogen her også grunnet litt utydelig lyd. Men trist å se hva som er igjen av MacGowan.

The night of the beast (2020): To tenåringer i Bogota og deres håp om å få se sine store idoler, Iron Maiden. Det går selvsagt ikke helt etter planen. Film med gode intensjoner kanskje, men når ikke opp og blir noe kjedelig.

Alt i alt en middels bra festival for min del. Kanskje ikke helt heldig med utvalget ettersom ingen ga meg de helt store filmopplevelsene. 

Teknisk sett fungerte alt brillefint, og det var helt greit å se filmene hjemme i stua til et tidspunkt som passet meg. Men du verden som jeg savnet alt det andre - folkelivet, den elektriske stemninga i byen, pausene på kafe, samtalene om film og absolutt alt annet mellom himmel og jord sammen med gode venner over en kopp te eller et glass vin. Krysser fingrene for TIFF 2022!

Tuesday 5 January 2021

Musikkåret 2020

 Ikke skjønner jeg hva som skjer, men nå er det altså flere år siden jeg ble skikkelig hekta på et album. (2016: Trentemøllers Fixion). Jeg mistenker at jeg er blitt immun mot god popmusikk slik at den ikke trenger helt gjennom mitt kritiske forsvarsverk. Eller så er jeg bare rett og slett blitt gammel og trøtt ... For det kan vel ikke være slik at 2020 var et fullstendig middelmådig musikkår? Jo, jeg tror vi sier det slik. 

Jeg merker meg likevel at jeg blir mindre og mindre rock 'n'n roll! (Ikke at noen ville beskyldt meg for å være akkurat det for 30 år siden heller, men dog!) Jeg ender opp med mye streit popmusikk, med tung overvekt av kvinnelige vokalister. Og jeg ender opp med gamle kjente og forholdsvis få nye band/artister på lista mi. Både Grimes, 5 Billion in Diamonds, Lost Horizons, Holy Motors og Emilie Nicolas har tidligere listeplasseringer hos meg. Det stemmer nok det som pyskologien påstår: Vi liker og trekkes mot det kjente.

I 2020 klarte jeg å skrape sammen akkurat 10 artister som klarte å få terningkast mellom 4 og 5. Og en hel haug som klamret seg til midten, mellom 3 og 4. Jeg har valgt å holde sistnevnte gruppe utenfor, men har plukket noen av dem i en egen spilleliste

Her er musikkåret 2020 oppsummert:

  • Grimes: Miss Anthroposcene. Tvilsom ektemann og rare babynavn til tross. Dama glimter til innimellom, særlig med låten "Violence" som rett og slett berger hele plata. 
  • Alexandra Savior: The Archer. For de som liker Lana del Rey.
  • Bambara: Stray. Nytt bekjentskap og veldig kul plate å vaske hus til. Gotisk western?
  • 5 Billion in Diamonds: Divine Accidents. Ujevn plate, men sangen "I colour you in" er så perfekt mariann-musikk, at den kom med uten problemer.
  • Doves: The Universal Want. Solid plate. Ikke akkurat nyskapende, men Doves slik vi liker dem.
  • The Innocence Mission: See You Tomorrow. Må innrømme at jeg ikke har hørt et kvekk fra The Innocence Mission på ca. 30 år, til tross for at det har dryppet plater fra dem jevnt og trutt. Her ble jeg grepet av akutt nostalgi:)
  • Holy Motors: Horse. Mitt favorittband fra Estland! Vakkert og mykt og stemningsfullt og litt dystert. Akkurat slik vi liker det!
  • Emilie Nicolas: Let Her Breathe. Eneste norske innslag i år. Nicolas holder stand på sin tredje plate og viser fram klare kvaliteter i både stemme og komposisjon.
  • Lost Horizons: In Quiet Moments. Også dette en noe ujevn plate, men som gammel Cocteau Twins-fan var det vanskelig å overse den. (Lost Horizons består inneholder blant annet Simon Raymonde.)
  • Ultraista: Sister. Også dette et helt nytt band for meg. Selv om de høres litt kjent ut. Ikke alt er like bra, men antydning til kul pop innimellom. 

 Spillelista ligger selvsagt på Spotify!

 Av de som samlet seg på terningkast mellom 3 og 4 kan jeg nevne i fleng: Alice Jemima, Aoife Nessa Frances, Ben Watt, Caribou, Caroline Rose, Georgia, I Break Horses, Isobel Campbell, Jonathan Bree, Mark Lanegan, Nadia Reid, Nadine Shah, Peggy Sue, This is the Kit, Agnes Obel, Algiers, Annie, Baxter Dury, The Big Moon, Douglas Dare,  Half Waif, James Hunter Six, JFDR, Katy J. Pearson, Landshapes, Lanterns on the Lake, Laura Marling, Pins, Samantha Crain, Susanna, Tennis, Tom and his Computer, Torres,