Search This Blog

Sunday 1 January 2023

Musikkåret 2022

Tradisjonen tru nyttar eg fyrste nyårsdag til musikalsk refleksjon og eit blikk (eller eit øyre) bakover på songar og album (sånne gamaldagse greier med fleire songar på) som eg har høyrt ekstra mykje på det siste året. Nok ein gong kan eg slå fast at musikkåret 2022 har vore sånn heilt midt på treet. Massevis av god musikk, men ingen wow-episodar. På ein måte vil eg beskrive mykje av musikken på lista mi som "comfort food" for øyret. Her er ei overvekt av det kjente og kjære, og eit lydbilde som plasserer seg trygt på 80-talet, til tross for at alle utgjevingane kom i 2022. Sjølv 90-tallsbandet Suede klinkar til med ei strålande plate med klare ekko frå både tidleg U2 og Killing Joke.

Som vanleg går det i mykje elektronika. Det blir sjeldan bra utan synth! Når det er sagt, har sjølvaste Odd Nordstoga sjarmert seg inn på lista, så eg er ikkje heilt framand for trekkspel og gitar. Når det gjeld rekkefølga er ho nokså vilkårleg. Eg kunne like gjerne ha plassert dei 10 øvste på fyrsteplass og dei 10 neste på andreplass. Og apropos Røyksopp. Eg var ikkje heilt sikker på kordan eg skulle behandle dei tre albuma dei gav ut i år. Ingen av dei var ein seksar på terningen, men om vi samlar saman dei beste spora frå Profound mysteries 1-3, blir det eit fabelaktig album. Så det har eg gjort. Og dermed hamna Røyksopp på topp. (Dessutan er dei jo eit Tromsø-orkester!)

Her er lista:

1. Røyksopp: Profound mysteries 1-111

2. Ary: For evig 

Melankolsk elektronika. Saknar pop-perlane ho har gjeve ut tidlegare, men er blitt veldig glad i denne plata.

3. White Lies: As I try not to fall

Hurra for 80-talet!

4. Suede: Autofiction

Hurra for 90-talet når det høyrest ut som 80-talet!

5. Beach house: Once twice melody

Drømmepop av beste sort.

6. Yeah Yeah Yeahs: Cool it down

"Burning" er ein av årets aller beste låtar.

7. Madrugada: Chimes at midnight

Madrugada i sviske-modus og eg likar det!

8. Trentemøller: Memoria

Kjem ikkje opp mot 2016s Fixion, men god elektronika med røter i The Cure, Joy Division etc.

9. Asgeir: Time on my hands

Asgeir spilte på Rakettnatt i 2015 trur eg. Då var han litt for stille og forsiktig. På denne plata er ham langt meir tilgjengeleg og "Snowblind" er pur elektropop.

10. Florence & The Machine: Dance fever

Florence blir aldri feil!

11. Karen Elson: Green

Eks-kona til Jack White står utmerkt på eigne bein.

12. Aurora: The gods we can touch

Sær og himmelsk elektronikapop.

13. Wombats: Fix yourself, not the world

Party brit-pop

14. Wu-Lu: Loggerhead

"South" er fabelaktig, resten er ok. Kva slags sjanger er dette eigentleg?  Trip-hop? Hip-hop?

15. Klangstof: Godspeed to the freaks

Nederlendarar som har høyrt mykje på Radiohead!

16. A Place to Bury Strangers: See through you

Støyrock-band som har høyrt mykje på Jesus & Mary Chain.

17. Polica: Madness

Polica har sin eigen pop-sjanger!

18. Golden Slumbers: I love you, Crystal

Portugisisk pop!

19. Odd Nordstoga: Inn i skogen

Ut på tur, aldri sur!

20. Astrid Williamson: Into the mountain

Ein slags guilty pleasure. Likar stemninga i musikken betre enn stemmen hennar.


Eg har sjølvsagt samla dei beste spora i ei Spotify-liste eller to:

Topp 20 2022

Topp 20 2022 - utvida versjon


Så var det alle artistane som ikkje kom med, enten fordi dei ikkje var gode nok, eller fordi eg ikkje har rokke å høyre nok på dei. Eller fordi dei ikkje har gitt ut album i 2022. Eg nemner i fleng: 

Alice Jemima, Andy Bell, Arcade Fire, Archive, Ayka, Beirut, Bessie Turner, Carla dal Forno Cat Power, Charles Watson, Chelsea Wolfe, Chin, Christian Winther, Darkside, Dawn to Dawn, Dol Ikara, Dominique, Dot Allison, elliot Power, Emilia Torrini & The Colorist Orchestra, Emilie Nicolas, Fazerdaze, Fieh. First Aid Kit, Gina Dirawi, Gloria de Oliveira, Gwenno. Hana Vu, Highasakite, IamamIwhoamI, Iceage, Ine Hoem, Interpol, James Blake, Jane Weaver, Jarvis Cocker,Jesse Mac Cormack,  JFDR, Joakim Berg, K.ola, Karin Park, Kasabian, King Hannah, Ladytron, Les Big Byrd, Lesser Evil, Lili Refrain, Lo Moon, Lo-Lee-Ta, Markus Clark, Marissa Nadler, Marlon Williams, Maz O'Connor, Melody's Echo Chamber, Metric, Michaela Åberg, Morceeba, NewDad, Oliver Sim, Overcity, Phoebe Green, Princess Chelsea, Prisma, Public Noise, Saver, Shearwater, The Smile, Someone, Sparkling, Spector, Squirrel Flower, St. Paul and the Broken Bones, Stacks, Stella, Still Corners, Tamino, Taposh. The KVB, Third Attempt, Tor Lundvall, TVAM, Ultraflex, The Unthanks, ViVii, Warpaint, Widowspeak

Eit lite utval frå denne gjengen finn du i lista:

Gode sanger 2022