Search This Blog

Sunday 24 July 2022

Buktafestivalen 2022: Kva skjedde med planen min?



Det er bra å ha ein plan. Det gjer livet enklare og ein treng ikkje bruke så mykje energi på å ta avgjersler. Men alt kan ikkje planleggast og nokon gonger bryr ikkje livet generelt seg om mine planar. Her kjem derfor ei oppfølging av førre blogpost. 

Bukta dag 1:

Sjuk! For første gong i min Bukta-historie må eg melde sjukefråver! Verken paracet eller nesespray klarer å gjere meg såpass oppegåande at eg klarer å kreke meg ut av senga. (Det hjalp ikkje eingong å smøre Ibux gel i ansiktet for å bli kvitt biholesmertane!) Klokka 7 på morgonen konstanterer eg at slaget er tapt, og tyr til den ytterste naudløysing eg har tilgang til: ein eldgamal paralgin forte - spart til bruk i krigs- og krisesituasjonar! Deretter held eg senga resten av dagen og registrerer fjernt at i Bukta er det god musikk og høg stemning og til og med sol!

Bukta dag 2:

Eg vaknar rundt kl. 13 og kjenner at kroppen føles underleg lett. Kva har skjedd? Kan det vere at eg kjem meg ut av senga? To timar seinare føler eg meg såpass klar i hovudet at eg tenkjer - kva kan vel gå galt om eg tar meg ein tur i Bukta? Som sagt, så gjort, og så er eg klar til å følge min opphavelege plan. Doble lag med ull, lue, votter og alt som trengs og here we go! (Dessutan 4 negative korona-testar!)



Halvdan Sivertsen opnar showet som berre han kan! Mykje humor, bra trøkk og ein serie klassikarar! Slett ikkje malplassert på ein festival som denne! Frøkedal & Familien neste. Finfin pop som absolutt fenger ei popdame som meg. Death By Unga Bunga blei litt for anonymt for meg. Og eg lot meg på absolutt ingen måte sjarmere av frontfigurens sjølvskryt mellom låtane. Nokon burde kanskje anbefale han å ikkje seie så mykje i det heile tatt!

Så kom kveldens vanskelege val. Det heilt openberre er sjølvsagt å velje Carson McHone. Og det gjorde eg. Fabelaktig kompakt show på den bittelille Little Henrik-scena imponerte. Samtidig var eg litt nysgjerrig på Lüt, så eg måtte ta ein tur i Paradisbukta også. Der var det skikkeleg trøkk og eit veldig samspelt band som møtte meg. Men eg synest altså fortsatt dei burde skaffe seg en vokalist som syng og ikkje brøler!

Dei to neste artistane på hovudscenen var Turnstile og Dagny. Begge helt greie i sin sjanger! Turnstile er sjølvsagt altfor hardt til at eg har peiling på om det var bra eller ikkje. Dagny har tendensar til gode låtar ("Bye bye baby" er veldig bra og har nesten Røyksopp-kvalitet over seg!), men mykje høyrest veldig uoriginalt ut i mine inditronica-øyre.

Nest siste band, The Blinders, derimot var meir Mariann-musikk - sjølv om det vel er så rock 'n' roll eg kan bli! Forfriskande og drivande godt band, med ein frontfigur som har studert Jim Morrisson nesten til det parodiske, og med melodiar som sitt med ein gong. Då dei spelte "Brave new world" tok eg meg sjølv i å lure på kven som hadde originalen, for den virka så kjent. Dessutan er dei jo frå Yorkshire, so what's not to like! Eg erklærer hermed The Blinders som vinnarane av beste konsert på Bukta 2022! Å velje britisk er alltid lurt!

Bukta dag 3:

Eg vaknar opp på dag 3 og er fortsatt i fin form! Ein kveld i frisk  friluft med god musikk og gode vener gjer altså ingenting feil med ein influensa-herja kropp!  

Senjahopen er først ut og imponerar med stor fanskare og allsang og det heile! Ikkje så ulikt Halvdan Sivertsen, eigentleg. Så kom Daniel Romano og ga oss ein knalltøff konsert saman med sitt knalltøffe band. (Nei, eg er ikkje ironisk, berre fattig på ord! Konserten satt som ei kule, som det så fint heiter.)

Svenske Graveyard serverte bluesrock av god, gamal årgang, men trur kanskje mange med meg syntes det blei litt kjedelig. Det kan vi imidlertid ikkje seie om Team me - eit ytterst sjarmerande indieband frå Elverum! Kudos til Bukta som booker unge band og ikkje er redd for å ta eit steg bort frå hardrocken!

Så må vi skru tida litt tilbake og kaste eit blikk på min opphavelege plan for Bukta. Eg er så heldig at eg er fødd med ein stor lidenskap for god musikk. Eg har teft for gode melodiar og klassisk indipop og elektronika. Eg veit kva som er kvalitet når eg høyrer det. (Men har ikkje nødvendigvis peiling på musikk eg ikkje lar meg rive med av!) Men høyr kva eg skreiv om Idles for under ei veke sida: "Det er ikke gull alt som er britisk heller. Idles er i samme kategori som Hives. Kommer ikke inn under huden på bandet, som for meg framstår som noe ordinært. Men kanskje det går et lys opp for meg akkurat denne lørdagen!" Altså - den første setninga er jo for så vidt riktig. Men så kjem det noko riv ruskande feil! Eg legg meg flat og spiser støv og rygger baklengs ut av min eigen musikalske sjølvtillit! PS. Det gikk eit lys opp for meg! Idles gjorde laurdags-Bukta komplett!

Dum Dum Boys? Vel, dei gjorde det dei alltid har gjort! Skapte stor stemning og vill allsang, sjølv på bakerste benk. Eg trampa takta og mintes russetida og lot meg ikkje rive med denne gongen heller! Men det er lov. Eg unner Folket Fest med DDB! Og mens regnet sildra og måsane sirkla lågt over festivalområdet som verdas vakraste dronar, fargelagt av lyset frå scena kunne eg trygt konstatere at det hadde vore to gode dagar! Folk er trivelege på Bukta. Vi klemmer kvarandre som om vi er verdas beste vener, sjølv om det er lenge sidan sist, og vi pratar med framande og treff menneske frå way back og spiser vaflar og sjømat (ikkje samtidig!) og drikk te og ingefærøl, vi held varmen i nordavinden og regnet og alle smiler. Det er helsebot i kvart einaste minutt på Buktafestivalen.

Alt i alt vil eg rose Bukta for svært mange gode bookingar! Det vitnar om ein uredd bookingsjef og er med på å gjere festivalen attraktiv for eit breitt lag musikkelskarar, ikkje berre middelaldrande betrevitarar som meg og mine! Eg gler meg til neste år!



No comments: