Denne posten er overført fra den nå nedlagte bloggen Fagreferenten forteller. Opprinnelig publiseringsdato: 24.11.2010
Advarsel: Dette innlegget er bare for fans av Olav H. Hauge :-)
Ser
at det er nesten et år siden jeg leste ferdig bind 2. Det går sannelig
sakte her i verden! Men det skyldes ikke at Hauges dagbøker er kjedelig
lesning. På ingen måte. Jeg fryder meg når jeg kan krølle meg sammen i
sofaen og lese noen sider. At jeg har brukt så lang tid skyldes nok
heller mangelen på 'krølle-seg-sammen-i-sofaen-stunder'. Og at en rekke
andre bøker også krever oppmerksomhet. Men nå er altså bind 3
ferdiglest, og bind 4 ligger klar i hylla. Jeg tenkte derfor å gjøre som
jeg pleier, nemlig å trekke fram noe av det man kan finne i disse
dagbøkene. Bind 3 omhandler perioden fra 4. juli 1966 til 11. januar
1972. Hauge er i denne perioden blitt en kjent og kjær poet i Norge, med
flere utgivelser bak seg. Han reiser rundt og snakker om diktene sine
en rekke steder, treffer likesinnede, strever med selvbildet som før, og
får en håndfull damebekjentskaper - Bodil Strømsted, senere Cappelen,
dukker opp mot slutten av boka. Første brev fra henne får han 25.
februar 1970. Som kjent giftet de seg 5 år senere.
All skrivinga
hans er kjennetegnet av dyp innsikt i litteratur, filosofi, språk osv.
Tonen er ofte lyrisk. Og humoren er ofte tilstede, for eksempel i hans
kommentarer til verden og samfunnet rundt ham: "Delfinen er den
klokaste av alle skapnader, segjer dei lærde no. Skal tru det, det kan
vera lusi eller loppa eller mauren, for det eg veit, berre ein kom på
talefot med dei." (s. 157)
Eller denne kommentaren etter et besøk
i Bergen: "Ho baud meg heim til middag, det var eg no så vitug at eg
sa nei takk til. Ein skal passa seg for slike yverklassefolk!" (s. 257)
Og om månelandinga:
"I
dag kjem månefararane att. Eg voner dei ikkje har gjort noko gale med
månen, måla han svart eller noko slikt, - eg har ikkje set han på
lenge." (s. 465)
Om dagen derpå:
"Gjekk ut i går kveld. Fekk
krutsterk sider. Trong heile vegen heimyver, slang frå greft til greft.
Vond hovudverk i dag. Slikt skulde ein aldri gjera." (s. 608)
Her følger noen glimt fra boka, delt inn etter tema:
Hauge: sinn og sykdom
Bind
3 starter med hans bruk av sovemedisin. Litt senere (4/9) skriver han
"Sove utan medisin. Kjenner meg klårare og sterkare med ein gong. Har
vore veikvilja i sumar, gjeve meg til å ta tablett kvar kveld, i staden
for å prøva venja meg av med slikt svineri" (s. 28).
Han har et
bevisst forhold til sin mentale tilstand. Noen ganger advarer han seg
selv: " Her er fåre på ferde. Eg veit det. Du held på glid ut. Fårleg.
Tygg tobakk. Og sluttar å lesa. Då må det gå gale." (s. 137)
Å,
det er triste dagar! Ikkje ein tanke, ikkje noko som eldar upp! Berre
slabb og stræv. Og no lyt eg ut å pakka plommor på låven. My fate, Where
are you? She has left me. For ever. And I am growing old. (s. 178)
"Død. Ja, eg har vore det. Ein gong. Dei vekte meg att med ei sprøyte. Eg var vel 27 år då. So har eg prøvt det òg." (s. 178)
Røyster
- eg har høyrt mykje av det slaget! Stundom ei einskild, stundom mange,
ofte heile kor samstundes som spør og svarar gjenom rømdene og tidene.
Dei same kjem att år etter år, det er no 34 år sidan eg høyrde dei
fyrst. Einskilde, serleg ei einskild, ei klår, høg ei, bedande, manande,
redd for meg med mykje umsut frå ein annan heim, eg er alltid trygg når
eg høyrer henne - røysti er ei mannsrøyst. Men eg høyrer òg andre. Som
òg kjem når eg er i naud. (s. 244)
Sliten. Nervøs. Toler ikkje
lesa. Neurasteni. Kjenner det i heile kroppen. Dette var noko eg leid
fælt av i ungdomen, eg var 22 år då eg fyrst var plåga av det. Med hardt
arbeid gjekk det yver. Har site for mykje inne i vinter. (s. 260)
Korleis
kan ein dåre, en mann som i ung alder vart slegen av schizofreni, var
utan forstand og tenkjeevne i samfulle fire år, og som gong etter gong
har hatt tilbakefall til åndsmyrke, kunna drøyma um å få sin fulle
styrke, åndeleg og lekamleg, attende, ja endåtil innbilla meg at eg skal
vera betre enn um [eg] ikkje hadde vore utsett for desse ulukkone? Det
må vera dårskap. Eg har freista dikte, men korleis kan eg, som ikkje har
levt noko liv, ikkje har komi menneski nær, kunna segje noko sterkt og
fagert um livet? (s. 262)
Eg var i ungdomen ein snorvar, stygg,
lat, og ein stor drøymar. ... Det gjekk gale. Laut gå gale. Men Gud skje
lov fanst det då hus for slike tussingar. Der kunde du drøyma og dikta
so mykje du ville. Og fekk grovbrød med sirup og ein tinnkopp med kaffi.
(s. 279)
"Sjukdom, eg har aldri lika det ordet, endå ein
[er] nøydd å segja so til ein doktor, elles trur han du er galen. Ein
lyt læra å være slu, skal ein få gå laus. Nett det, gå laus, ein lyt
vera lur og varsam, dei har visse hus for mistenkjelege folk, eg veit um
dei." (s. 298)
Hauge og kvinneneI
1966 fyller Hauge 58 år. At han er glad i damer kommer helt klart fram i
dette bindet. Hans kommentarer om jenter og kvinner han treffer er både
rørende og noen ganger litt komiske, synes jeg. På en togreise
beskriver han sine medpassasjerer: "Forutan meg var der ei kanadisk
gjente (pen)." (s. 49) Og like etter: "Gaute Helland og syster hans
(vakker gjente!) og ei gjente frå Vågå var med der." (s. 50). Han
trekker videre inn astrologien: "Eg er fødd i "Løvens tegn"? (August)
Dei skal vera lett å få ut av fatning i kjærleikssogor. Rett. Stemmer."
(s. 70)
"Gjentor" Det er forvitnelege skapningar, synest eg." (s. 284)
Arbeid!
Arbeid! Nei, å verta riven med i livet, i turar, i lagsmøte, stemnor,
upplesing, nei, det er fårleg for meg. Og so desse kvinnfolki! Ta til å
snakka med dei i min alder! Det er no mangt ein kan finna på òg. Mange
har gjort seg til narr for eit kvinnfolk. (s. 293)
"Ta til å snakke med gjentone i min alder? Ja, so galen kan ein vera. Men det er folk, det òg, " (s. 297)
Det
siste året har eg møtt nokso mange, eg kan ikkje klaga på tilbod. Dei
kjem på hotellrommet på det minste vink, slær frampå nokso greidt,
snakkar um at dei har teke pillar og so vidare. Vanleg venlegheit og
samtale kallar dei romantikk, Ja ja. Men kvinnfolk er ei soge for seg
sjølv, og aller mest vert den plåga som ikkje har gjort seg ferdig med
dei i ung alder, å gjera det undan, eg meiner med giren og tråi er
størst, er heilt naudsynt, skal ein mann få arbeidsro seinare ... (s.
346)
"Pakke frå Bodil Strømsted, ein genser ho har strikka, eit varmt plagg! Dei kvinnfolki!" (s. 637)
Og
i september 1971 skriver han følgende om Bodil, som han fire år senere
gifter seg med: "Ho er vorti glad i ein mann, segjer ho, ein danske
denne gongen. Kan ikkje vera greidt for Finn Strømsted, med ei slik
kjering." (s. 719)
"Ikkje for det, hasj fristar vel ikkje ein vestlending - meir gjentor, kanskje." (s. 686)
"Det
har vorte mykje brevskriving året som gjekk! Serleg til damor. Dei er
det gildast å skriva til òg. Merkeleg med det. Dei er gildast å snakka
med òg. At eg ikkje skulde visst det fyrr!" (s. 645)
Lyriske HaugeEt
annet trekk som kjennetegner dagbøkene hans er sammenblandingen av
vakre, lyriske beskrivelser og hverdagslige tanker, som her en januardag
i 1967:
Stille kvite dagar. Stjernor um natti. Stend som
frosne voner. Daudingane ligg stille under sjøen, syner seg ikkje i
grendene. Skogar blå av vemod. Fjell med fòk og drivsnjo. Ingen ser det.
Eg er fødd til toskeskap. (s. 73)
Andre
ganger er han bare lyrisk: " Ein dag skal eg skrive ei rekkje, eg
segjer ei rekkje, dikt um skyene. Dei er mangfaldige. Min barndoms skyer
er ikkje lenger. Tyngre vert dei med åri. Skyene òg!" (s. 90)
"Grå haust. Lauvsus ute når eg vaknar. Ei vill lengsle grip meg, som mang ein gong fyrr. Haust. Mi tid. Mi sorg." (s. 174)
"Ein kryp inn i vinteren som ei stor kvit hole, der kan henda mangt." (s. 226)
Eller
når han for eksempel beskriver språket til Kristofer Uppdal: "Det
språket, rått, sterkt, vått av jord og stein, vove og med sylvstripor og
issoleior i millom." (s.213)
"Soli kjem på bordet. Kven kan skriva i sol? Nei, det er mørkets gjerning." (s. 269)
I
dag den fyrste snøen. Rart han kom att. Med minne. Slik kjendest det då
eg var barn. So nake, so nært innpå, kaldt men fjernt. Alt. Brått
forstår ein at ein er byrja leva som ein pakke i dagane og åri, ein
pakke med merkelapp på! Til gravi. (s. 498)
"Det er poesi i
eit landskap, i ei god laga rive, i ein hage, yver eit hus, i
matematikk, i prosa, i vers. Poesi fylgjer visse ting. Finnst ikkje i
rein tilstand. Prøv ikkje laga poesi. Lag ting, med poesi!" (s. 537)
Hauges selvfølelseSom
i begge de tidligere bindene strever han med å ha tro på seg selv og
sin diktning. Dette er et gjennomgående trekk i dagbøkene hans, til
tross for mye ros og mange gode kritikker.
Sendt alle dei
bøker eg vil til jol. Angrar på mange. Kvifor skal eg senda bøker til
slike høgt skulerte herrar, som berre smiler åt meg, stakkaren? ... At
nokon er så dum at han kjøper boki mi, trur eg ikkje. De sel aldri det
upplaget (2000) skreiv eg til Dybvad. Aldri i verdi. (s. 218)
"Ja, det kurset i Norheimsund sette meg i dårleg humør. Eg sa so mykje tull der, at eg angra i nestan 14 dagar etterpå." (s.271)
I forbindelse med et festskrift som skal gis ut i forbindelse med 60-årsdagen hans skriver han: "Eg? Kva har
eg gjort? Ingen ting. Berre nokre stubbar og rim." (s. 313)
"Ingen post i dag. Nei, kvi skulde nokon skriva til meg? Dei har ingen ting att for det." (s. 435)
"Lat
det vera sagt. Ikkje berre tenkt. Lat meg tilstå. Det er elles ingen
ting å tilstå, det er openljost for alle: Failure! Mitt liv er det." (s.
457)
"Men det er no smått stell med den boki då, eg kjenner det
på meg. Kan godt vere sume kjem til å låta vel, det trur eg nok. Lat deg
ikkje yvertyda av det!" (s. 717)
"Mykje skryt yver den nye boki mi. Tomt skryt! Tru ikkje på det!" (s. 732)
"Livet
er myrkt, meiningslaust. Likevel lyt ein prøva strida, arbeida, det er
einaste verja med har. Trass, vilje, ei knytt hand mot lagnaden! (s.
717)
Andre ganger er det faktisk optimisme å spore:
"Ein skal
bera lagnaden. Kor trist og tung og grå han er. Slik heiter det. Du
skal ikkje lyda på slikt. Du skal reisa deg, slå han under, stiga yver
han og upp, leggja han attumdeg som dei bratte urdane." (s. 259)
Hauge og samfunnetHauge har hele tiden vært opptatt av natur og miljø, og også andre samfunnsspørsmål dukker opp i dagbøkene hans.
"Lagnaden
til menneskja og jordi. Vår jord. Vår einaste heimstad so langt me
veit. Og kvar tenkjande mann burde berre tenkje på ein ting: Få burt
krigsfåren og bøta på naudi i verdi." (s. 256)
"I dag melding ei [sic]
Dagbladet:
USA har ein ny gass på lager, ein nervegass, som kan øyda alt
menneskeliv på jordi på 30 timar! Ljose utsikter! Det må ein segja!" (s.
401)
"Me treng ikkje spy ut gift og drepa folk i mengder i trafikken. Det gjeng an å ordna det onnorleis." (s. 489)
Fritt
spel for kapital og industri vil øydeleggja verdi, det ser me greidt.
Fyrst for fall stend U.S.A. og Vest-Europa. Forgiftning av vatn, luft og
hav. Vert det ikkje sette strenge lovar for all produksjon og bruk av
motorar, vert verdi øydelagt.
Dette kan berre ordnast globalt. (s. 607)
Han
mener ellers at teknikk ikke er bra for skrivekunsten: "Etter
skrivemaskinone kom, har skrivekunsten gjenge ned, det er ellers noko
som segjer seg sjølv. Meir automatisk, meir teknikk. Å skriva skal vere
ein leik med ånd og hand. " (s. 131) Det er nok ikke så mange som
fastholder det synet i dag!
"Me er mekanikk. Datamaskinor. Me er
menneske! Det er ikkje um å gjera å verte datamaskinor! Dei unge diktar
som datamaskinor. Det er ingen ting å trå etter." (s. 453)
Om band 1
Om band 2
Om band 3
Om band 4
Om band 5