Posts

Showing posts from January, 2023

Musikkåret 2022

Tradisjonen tru nyttar eg fyrste nyårsdag til musikalsk refleksjon og eit blikk (eller eit øyre) bakover på songar og album (sånne gamaldagse greier med fleire songar på) som eg har høyrt ekstra mykje på det siste året. Nok ein gong kan eg slå fast at musikkåret 2022 har vore sånn heilt midt på treet. Massevis av god musikk, men ingen wow-episodar. På ein måte vil eg beskrive mykje av musikken på lista mi som "comfort food" for øyret. Her er ei overvekt av det kjente og kjære, og eit lydbilde som plasserer seg trygt på 80-talet, til tross for at alle utgjevingane kom i 2022. Sjølv 90-tallsbandet Suede klinkar til med ei strålande plate med klare ekko frå både tidleg U2 og Killing Joke. Som vanleg går det i mykje elektronika. Det blir sjeldan bra utan synth! Når det er sagt, har sjølvaste Odd Nordstoga sjarmert seg inn på lista, så eg er ikkje heilt framand for trekkspel og gitar. Når det gjeld rekkefølga er ho nokså vilkårleg. Eg kunne like gjerne ha plassert dei 10 øvste på ...