Buktafestivalen 2022: Kva skjedde med planen min?
Det er bra å ha ein plan. Det gjer livet enklare og ein treng ikkje bruke så mykje energi på å ta avgjersler. Men alt kan ikkje planleggast og nokon gonger bryr ikkje livet generelt seg om mine planar. Her kjem derfor ei oppfølging av førre blogpost. Bukta dag 1: Sjuk! For første gong i min Bukta-historie må eg melde sjukefråver! Verken paracet eller nesespray klarer å gjere meg såpass oppegåande at eg klarer å kreke meg ut av senga. (Det hjalp ikkje eingong å smøre Ibux gel i ansiktet for å bli kvitt biholesmertane!) Klokka 7 på morgonen konstanterer eg at slaget er tapt, og tyr til den ytterste naudløysing eg har tilgang til: ein eldgamal paralgin forte - spart til bruk i krigs- og krisesituasjonar! Deretter held eg senga resten av dagen og registrerer fjernt at i Bukta er det god musikk og høg stemning og til og med sol! Bukta dag 2: Eg vaknar rundt kl. 13 og kjenner at kroppen føles underleg lett. Kva har skjedd? Kan det vere at eg kjem meg ut av senga? To timar seinare føler ...