Musikkåret 2021
Så er vi nok ein gong klar for å ta fatt på den musikalske sjølvmeldinga for året som har gått. Inga enkel sak, kan eg fortelje dykk. Det har tatt meg uhorveleg mange timar med lytting til både god og middelmåtig musikk. Mest god, sjølvsagt. Som vanleg rekk ein berre over eit lite mindretal av alt det fabelaktige som lages rundt omkring i verda. Sånn er det jo med så mangt. Eg tenkjer det same om alle bøkene eg aldri får lese. Sidan eg er veldig glad i lister av alle slag, les eg med entusiasme andre musikalske kåringar. Og som vanleg blir eg noko forundra over at "mine" album så sjeldan er å finne på andre sine lister. Kva er galt med folk??? Anyway, eg reknar med at alle andre listeglade har same problem som eg - nemleg at ein ikkje har tid til å få med seg alt:) Eg klarte ikkje å avgrense meg til 10, så i år blir det ei Topp 20-liste. Som seg hør og bør startar eg nedst. 20. Scott Matthews: New skin Matthews debuterte i 2006 med den ytst nydelege songen "Elusive...